Foto: Ragnhild Ekre

Rapport fra Immanuelhjemmet!

Ragnhild Ekre, 18. nov

Connect, som er NMS sitt utvekslingsprogram ved Hald Internasjonale senter, har to Hald-studenter i Thailand som jobber på Immanuelhjemmet, som vi samler inn penger til. Her forteller Ragnhild Ekre om den første uken!

Dette er et utdrag fra bloggen til Ragnhild. For hele innlegget gå her

No har eg vore på Immanuelheimen i fem dagar. Fem dagar som har gått fort, men likevel fem innhaldsrike dagar som har gjort at eg allereie kjenner meg som heime. Det bur 42 ungdommar her, 32 jenter og 10 gutar. Dei er rett og slett ein herleg gjeng, og eg er kjempepriviligert som får vera her ilag med dei.

Foto: Ragnhild Ekre
Kvar ettermiddag spelar gutane fotball utanfor internatet.

I hovudsak er vi miljøarbeidarar på internatet, samtidig som vi underviser i engelsk. Kvar tysdag har vi i tillegg engelskundervisning ved den lokale skulen. Vi var i utgangspunktet fortald at vi skulle undervise i ein barnehage, men dette viste seg å vera seks klasser i alderen 13-18 år. Birgitte og eg har tre klasser kvar oss, i ein time kvar.

Foto: Ragnhild Ekre
Birgitte Moe Olsen, som er den andre ettåringen, lærer bort "tonguetwisteren" ,"How much wood would a woodchucker chuck..."

Eg har det kjempefint her og trur det vert fem flotte månadar ilag med ungdommane!

Del på Facebook Del Twitter Del på Twitter
 
Om Laget:     Om Lagetskille Kontaktskille Ansatteskille Lagsvennskille GFskille Linkerskille Ledig stilling
søk:
lagsvennBanner
frontButikkText
frontButikkText

40,-

frontButikkText

49,-

frontButikkText

399,-

frontButikkText

99,-

frontButikkText

69,-

frontButikkText

149,-