fbpx

Forkynningsfritt ideal med einsretting som resultat

Guest User

-

april 14, 2023

I følgje snl.no er forkynnelse det «å formidle, fortelle eller overbevise om et religiøst budskap». Ut frå definisjonen er det dermed berre religiøse som driv med forkynning. Andre typar formidling og påverknad høyrer til i ein annan kategori, og blir ikkje råka av forbodet mot forkynning i skulen.

AV SOFIE BRAUT, PROSJEKTLEDER GRILL EN KRISTEN

Dette forbodet meir enn hintar om at religiøs påverknad er meir uheldig enn annan påverknad. Det litt merkelege utslaget av reglar som stadig blir sagt å sikra at skulen er nøytral, er at han har eliminert eitt bestemt verdsbilete og livssyn, og langt på veg driv sekulær einsretting.

Ein såkalla forkynningsfri skule påverkar sjølvsagt også. I staden for ein livssynsopen skule, har vi no ein skule som favoriserer eit sekulærhumanistisk livssyn. Forkynninga stoppar naturlegvis ikkje fordi ein set ein stoppar for ein bestemt livssynsvariant. Forkynning stoppar nemleg ikkje. Å formidla, fortelja og overtyda er ei menneskeleg grunninnstilling som kan styrast, men ikkje avskaffast. Eit lovverk kan vri formidlinga i ei bestemt retning, men så lenge vi er menneskelege, vil vi aldri vera nøytrale. Vi kan vera bevisste og legga vekt på respekt og objektivitet; det hjelper definitivt.  

Påverka med respekt

Problemet med det forkynningsfrie idealet er at det ikkje verkar heilt ærleg. Det ser bort frå at alle har eit livssyn og ei tru, ikkje berre vi som er såkalla «religiøse». Dersom vi skal realisera eit forkynningsfritt ideal, må vi overlata formidling til ChatGPT og andre robotar som kan smi innhaldsbitar om til setningar utan å ta det via eit menneskeleg hjarte som brenn for noko. Men er det dette vi vil? Er denne nøytraliteten eit ideal? Eg trur ikkje det. Livssyn er noko alle har, anten dei trur på Gud eller ikkje. At forkynning av eit sekulært livssyn er akseptabelt i den forkynningsfrie skulen, er litt av eit paradoks. Det kan vera gode grunnar for å regulera korleis vi påverkar, og å auka kompetansen i å «påverka med respekt», for å låna uttrykket til den danske pedagogen Carsten Hjort Pedersen. Men ei sekulære einsretting er ikkje ei oppskrift på fri og ærleg formidling – verken i skulen eller i samfunnet elles.

Flere nyheter du kanskje liker

Ny påskeleir: Skal lese Det nye testamentet på fem dager

I påsken inviteres ungdom mellom 13 og 19 år til Bibelakademiet, en femdagers leir på Skjærgårdsheimen der deltakerne leser hele Det nye testamentet og får åndelig påfyll, fellesskap og aktiviteter.

Takk til alle dere som har stått sammen med oss gjennom 2025!

Vi har ved utgangen av året 227 lag og 29 studiestedsgrupper. Det vil si totalt 256 lag. Dette er helt rått og det beste vi har sett på lang lang tid.

Kristent studentarbeid i et muslimsk land – så mye å lære!

Midt i et overveldende muslimsk flertall lever og arbeider kristne studenter i Bangladesh med mot, håp og kjærlighet, som del av et globalt fellesskap som strekker seg helt til Laget NKSS i Norge.

Pressemelding: Hald Internasjonale Skole avvikles etter skoleåret 2025/2026

Styret ved Hald Internasjonale Skole (HIS) har etter grundige vurderinger i styremøte 02.12. besluttet at inneværende skoleår blir skolens siste ordinære studieår.