Skepsisveka
Konseptet «Skepsisveke» er kjent for mange: Vi steiker sveler eller vaflar på stand og kjem i prat med studentar om tru. Vi går frå bord til bord i kantina med ei spørjeundersøking, og inviterer til «Grill ein kristen» og foredrag kvar dag. For nokre er dette lett, for andre krevjande. Men etter mange års erfaring veit eg at når vi møter folk med respekt og varme, vert vi møtt på same måte tilbake.
Frå storleik til nærleik

Det er stor skilnad på Skepsisveke i ein storby, og på ein mindre stad som Sogndal. I Bergen kan vi samla 100–200 på foredrag og vera mange titals i teneste. I Sogndal er vi gjerne 10–20 på samlingar og 10–15 i teamet. Men det dei små stadene manglar i storleik, tek dei att i nærleik. Relasjonane vert tettare, og samtalane djupare. I etterkant følgjer vi opp fire studentar som ønskjer å læra meir om livet med Jesus.
Sterke kjærleiksband
Noko av det sterkaste for oss som kjem tilreisande, er det kristne fellesskapet som veks fram i løpet av veka. Vi er på oppdrag for Gud – noko stort – samstundes som vi sjølve er «små». Når vi startar dagane i lovsong og bøn, og deretter går ut og møter menneske, skjer det noko med oss. Vi vert knytte saman på ein måte som er vanskeleg å forklara. Difor vart det også varme klemmar og gode ord då vi måtte skiljast siste dagen!
Frå foredrag til taco
Kva trur du studentane er mest interesserte i: taco eller apologetisk foredrag? Svaret er enkelt: taco! Difor samla kring 50 menneske seg på prestegarden, ein god miks av kristne og ikkje-kristne. Dei fekk høyra solosong, vitnesbyrd og eit tydeleg, kreativt trusforsvar ved indremisjonspastor Nils Jøssang. I etterkant fekk eg vite at to av jentene i teamet følgjer opp fire studentar i ein open prosess mot tru. Det gjev grunn til både glede og bøn! Heng deg gjerne på, om du har plass på bønelista di.
Då tårene kom i kantina

Ei av dei sterkaste opplevingane for meg personleg, var ein samtale med ein student frå Nord-Noreg. Vi kom raskt inn på spørsmål om tru, og sette oss ned i kantina. Samtalen vart djup og varte lenge. Han hadde ei kristen mor og var open for det åndelege. Undervegs delte eg kor ekstremt sterkt eg opplevde Guds nærleik då vår familie stod midt i ei livskrise. Han berre såg på meg medan tårene mine trilla. Eg har aldri gjeve nokon før ein klem etter ein slik samtale, men denne gongen var det svært naturleg. Måtte Gud leia denne, flotte, Gudskapte, unge mannen heim til seg, etter det som vart sådd denne dagen! Eg sit att med ei djup takksemd. Gud er nær, også i det stille, i dei enkle møta mellom menneske. Og kanskje var det nett slike frø som vart sådde denne veka i Sogndal.