fbpx

Helsing til Laget frå Preses Olav Fykse Tveit

Karl-Johan Kjøde

-

november 1, 2024

Helsing ved feiringa av Laget 100 år, 26. oktober, 2024

Til lukke med jubileet, alle saman! Det er med takk til Gud at eg er med på å feire Laget 100 år. Eg helsar og takkar Laget på vegner av Den norske kyrkja ved denne milepælen, også på vegner av Harald Hegstad, leiaren i Kyrkjerådet som også er her. Vi er mange som har mykje å takke for det ein har fått gjennom Laget.

Hundre år er mykje. Men ikkje så mykje. Eg har akkurat i desse dagar tre ulike personlege femtiårjubileer som seier meg noko om kva Laget har betydd for meg – og sikkert mange andre her. September i 1974 vart eg for første gong medlem og betalte mi medlemsavgift i eit kristent skulelag, på Gol. For femti år sidan og ein månad sidan fekk eg mitt første styreverv – i Laget. For akkurat femti år siden fekk eg min første Bibel, som eg trengte for å ha med på lagsmøtene og vere med på bibelstudier vi hadde der.

Der fekk vi hjelp til å sjå sentrum i den kristne trua, og halde fast på den som ei trygg tru på Jesus som min Herre og Frelsar.

Dette samlar seg i eitt av dei bibelorda som eg først streka under i min Bibel, og som vi lærte utenat:

«For av nåde er vi frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige så vi skulle ferdast i dei.» (Ef 2,8-10)

I Laget fekk vi sunn og solid forkynning for trua, i ei tid prega av både karismatiske og sterke sekulariserande røyster. I Laget fekk vi leiartrening. Eg har nok fleire leiarkurs frå Laget enn nokon annan samanheng. Der vart vi vist tillit og fekk våre første leiaroppgåver. Eg hadde også såkalla «eittåringsteneste».

Mange namn vert nemnt i dag. Eg vil spesielt nemne to lagssekretærar som vart svært viktige for oss i den samanhengen. Dei var kloke og kunnskapsrike kristne leiarar som hadde ansvar for oss eittåringar: Gunnar Elstad og Ingebjørg Lindheim. Dei hjalp oss å mognast som heile menneske i dei oppgåvene vi fekk. Det vart også hjelp til å vere kristen i dei ulike utdanningar og yrker vi så gjekk vidare i. Minst seks av oss fekk kall til å utdanne oss til presteteneste det året.

Laget hjalp oss å la tru og tanke møtast. Laget har gjort at vi kunne gå inn i studentlivet og i yrkesliv med eit meir reflektert forhold til truas utfordringar, og eit kall til å vere kristne i dei ulike yrkesoppgåver vi gjekk inn i. Som studentar fekk vi store opplevingar på bibeltimar og studentgudstenester, i bibelgrupper, nokon i evangelisering og andre samanhengar.

Det var nettopp som lag, som kristent venskap og fellesskap at det vart varige verdiar og relasjonar for livet. Eg møtte mitt livs kjærleik nettopp der. Det er nok fleire her som kan seie det same. For det var jo mange kjekke folk der.

Men også på denne dagen skal vi erkjenne at for nokon vart det krevjande og vanskelege opplevingar og relasjonar til Laget. Det gjorde at det vart ein avstand. Ein kjente ikkje at ein høyrde heilt heime der lenger. Eg var også gjennom ein slik fase. Det forhindrar ikkje at det er ein oppriktig takk for Laget eg framfører i dag. Eg hadde aldri vore der eg er i livet og i kyrkja utan dei erfaringane Laget gav meg.

Eg skulle seie noko om Lagets rolle i eit samfunnsperspektiv. Det eg har nemnt, er litt personleg, men kanskje nettopp difor også det viktigaste også i så måte. Det er å utvikle ansvaret hjå unge menneske som er det største bidraget Laget gjev. At ansvaret vert til kall til teneste i kyrkja, og vårt kristne bidrag til samfunnet. Det var også hjelp til å sjå ansvaret for skaparverket og det samfunnet og den verda Gud har skapt som skrik etter rettferd, fred og kjærleik, tru og håp.

Det er mitt håp at Laget framover kan hjelpe mange til å vere reflekterte, varme, rause og ansvarsfulle truande menneske.

Vi treng at Laget rekrutterer til teneste i Den norske kyrkja.

Kyrkja og samfunnet treng unge som har ei trygg kristen tru, og som vil følge Jesus i livet – i eit liv i kjærleik til Gud og medmenneske.

Måtte Gud framleis velsigne Laget!

Flere nyheter du kanskje liker

Grill en kristen

Til vår store glede og overraskelse, ble Laget tildelt årets Petter Dass-pris for arbeidet med Grill en kristen. Konseptet var en av tre finalister, sammen med Elisabeth Thorsen og Jørn Øyrehagen Sunde.

Reisebrev fra Kenya

Høste mennesker til Guds rike i Kenya

Jubileumsfesten – se bildene!

Se blinkskuddene fra vår nasjonale jubileumsfest på The Hub i Oslo 26. oktober! For en opplevelse det var å feire denne store begivenheten med alle dere!

Sier nei til 18-ukersgrensen

Den 3. desember skal det stemmes i Stortinget om abortgrensen skal flyttes fra uke 12 til utgangen av uke 18. Da er fosteret nærmere halvveis inn i svangerskapet. Vi vil utfordre deg til å bruke din stemmer til å forhindre denne endringen.