Den 16-18. januar arrangerer Laget StudentFORUM i Bergens indremisjon sine lokaler. Det er Norges største nasjonale kristne studentkonferanse.
StudentFORUM er ein unik konferanse sidan den begrenser seg og spissar seg inn på å utruste kristne studentar. På Studentforum får ein praktisk hjelp til å følgje Jesus og vere open om trua si blant sine medstudentar.
Vi ønsker og å bevisstgjere deltakarane på korleis trua kan bli tatt på alvor i overgangen mellom studentfase til arbeidslivfase – ein overgangsfase der mange sluttar å vere aktive kristne.



Konferansen har betydd mykje for meg selv, ja det har faktisk vore livsforvandlande. Eg har blitt inspirert i korleis eg kan ta med trua på ein naturleg, men frimodig måte på studiestaden, og eg har fått blitt vennar med kristne studentar i andre byar i Noreg. Ikkje nok med det – under StudentFORUM 2024 møtte eg kona mi! Alt kan skje på StudentFORUM 2026, og eg har stor tru til at Gud vil jobbe med hjarta våre.
Under årets StudentFORUM skal det blant anna haldast seminar om disippelgjering, om korleis vi kan vitne om Jesus til muslimar på studiestedet, teologi kring arbeid, og livepodcast om tru og arbeid.
Jesus sa, «Dere er verdens lys! En by som ligger på et fjell, kan ikke skjules.» Dette verset oppfordrer kristne til å være synlige gjennom sine ord, sine gode gjerninger, og sin livsstil, slik at andre kan sjå Guds arbeid i dei og ære Gud.
Det vil og vere mogleg å melde seg på livsveiledning, mykje rom for forbønn, og eit sterkt sosialt kristent studentfellesskap på tvers av studiestadar og byar. Håpar å sjå akkurat deg på StudentFORUM 2026.
Meld deg på her: StudentFORUM 2026 – 16. jan. 2026 – NORGES KRISTELIGE STUDENT- OG SKOLEUNGDOMSLAG




